Over halvparten er vaksinerte

Jon EdvardsenArne Frøkedal Vaksinefeberen har lagt seg, og det er førebels slutt på massevaksinasjonane som […]

Publisert Sist oppdatert

Jon Edvardsen
Arne Frøkedal

Vaksinefeberen har lagt seg, og det er førebels slutt på massevaksinasjonane som før jul var retta mot ulike grupper i befolkninga. Alle har fått tilbod om og blitt tilrådd om å ta vaksinen av det lokale helsestellet i Vindafjord og Etne.
No blir det opp til den enkelte å oppsøkje fastlegen for å bli vaksinert.

Dose to
Unntaket er enkelte risikogrupper som vil få tilbod om dose to. I første omgang blir det grupper med spesielt svekt immunforsvar. Men det er ikkje endeleg kva grupper som blir tilrådde å ta vaksine nummer to, opplyser kommunelege Michael Schou i Vindafjord.
I Etne er det rundt 1.800 som nølar eller har valt å ikkje ta vaksinen mot svineinfluensa.
— Eg ser ingen dramatikk i dette, og oppslutninga er god nok til å hindre ein epidemi. Men vi tilrår alle til å ta vaksinen, seier kommunelege Bengt Kallevik i Etne.
I tillegg til vaksinering, har også dei som har hatt svineinfluensa, vern mot å få den igjen. Etne har fått 2.500 dosar og Kallevik har avbestilt 1.000 dosar som var planlagt å kome denne veka. Han meiner dei førebels har nok dosar på lager etter dei 2.500 dei har fått. Ved behov kan dei bestille nye.

Oppblomstring
Vindafjord fekk i går 2.000 dosar med tanke på vaksine nummer to og etternølarar som vender seg til fastlegane. Kommunen har tidlegare fått 3.500 dosar. Barn har fått halv dose.
Kommunelege Schou reknar med at over 5.000 er vaksinerte.
— Det beste var om 70-80 prosent vaksinerte seg. Då ville svineinfluensaen brenne raskare ut. Men med 65 prosent er vi likevel bra sjølv om vi oppfordrar alle til å ta, seier han.
Tilfelle av pasientar med influensasymptom har vore på retur både i Etne og Vindafjord. Men kommunelegane ventar ny oppblomstring der den ordinære sesonginfluensaen i sterkare grad blandar seg inn.

Powered by Labrador CMS