Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Det er viktig å ta omsyn til hekkande fugl når frivillige er ute og ryddar. Foto: Hold Norge Rent
Det er viktig å ta omsyn til hekkande fugl når frivillige er ute og ryddar.

Ordføraren inviterer til vårrydding

Publisert Sist oppdatert

Det er ordførar i Etne, Mette Heidi Ekrheim Bergsvåg som tar til orde for vårryddinga i kommunen. Saman med varaordførar Kenneth Lyng Karlsen og Ap-gruppeleiar Siri Klokkerstuen utgjer dei ryddeaksjonsnemnda. Dei kallar ryddeaksjonen for vårens vakraste eventyr, og ikkje minst; vårens viktigaste eventyr. Etne kommune går no ut og oppmodar alle lag, organisasjonar, og privatpersonar til å gjera ein innsats for å få kommunen rein og ryddig. Når vinteren slepp taket er det nemleg mykje rart som kjem til syne, og det forsvinn heller ikkje av seg sjølv.

Sekker og containerar

I år som før vil Etne kommune i samarbeid med Hold Norge Rent og Friluftsrådet Vest, invitera til ryddedugnad i heile kommunen. Det vil bli plassert ut containerar og plastsekker som du kan nytta til dugnaden, og ryddeaksjonsnemnda oppmodar til å ta berre dei sekkene du treng, slik at det blir nok til alle. Containerane blir plasserte i Skånevik ved gamleskulen, i Etne ved drift- og vedlikehald sitt bygg på Enge, ved Sørstranda grendehus og nedanfor bensinstasjonen på Sævareid. Her blir containerane ståande frå 11. til 25. april.

Powered by Labrador CMS