Opsjonar til besvær
Kvar gong utløyser det sterke reasksjonar i folket. Og sjølv om innsatsen til visse toppleiarar […]
Kvar gong utløyser det sterke reasksjonar i folket. Og sjølv om innsatsen til visse toppleiarar har vore middelmådig – så har dei krav på rikdomen i pakt med avtale. Men folk tykkjer det går over alle skafter.Dette vert kalla ran av folket sine midlar i moderne form. Finansminister Kristin har sagt det presist. Auken i selskapet si rikdom er ikkje alltid eit resultat av dugande leiarskap. Det er konjunkturane- ikkje minst nå- som skuffar inn mykje av pengeflaumen i selskapa sine pengebingar. Men ein høyrer kvar gong frå dei såkalla ”forståsegpåarar” og -sysken i ånden at toppleiarane sine løner må vera slik.Det er ikkje ei krone for mykje.Men bakgrunnen for utglidinga kan vel tilsdkrivast at i slike selskap er det flust av milliardar. Det er nok å ta av. Det er nesten til å grina av at samfunnet ikkje kan stoppa denne ukulturen. Det burde påkalla eit folkeopprør. Men norske magar er truleg for mette til å reagera nok.Hydrosaka har visst sett ein stopp på – særleg dette med opsjonar inntil vidare. Men jussen er vanskeleg å skjøna jamvel for ekspertar. Styreleiaren er ofra- heiter det. Men han vurderte sjølv sin avgang. Men er ikkje dette noko heile styret er ansvarleg for.? Sjølv kallar han det for ”dolking i ryggen og ein fot i baken” iflg avisene. Siste skrik høyrer ein skal veraat konsernleiar Reiten er villig til å betala tilbake ca. 8 millionar av dei 28 millionane har har fått i opsjon. Dette er nesten til å le av – det må vera litt av eit storsinn hos ein
konsernsjef som ikkje har fått meir enn det som han har krav på.Ingen må få riper i lakken. Det heile er til å bli kvalm av. Det er betimeleg at det blir statuert eit døme på kva som er etikk og moral i offentleg styre og stell. I alle fall- honnør til næringsministeren og statsministeren for at dei tykte at nok er nok- 1 ei tid med eit gap mellom fattig og rik som berre blir større og større. Men grådigheitskulturen er vanskeleg å stoppa og vil nok vokse og gro som ”gresset bak do”- også i framtida.
Det muliges kunst er ikkje avskaffa.
Endre Heggen.