Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lesaren melder

Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim klipper snora i det nye klubblokalet. Bak står ny styreleiar i IF Klypetussen, Gisle Sellevold

Opning av nye klubblokale

IF Klypetussen kunne fredag 6. februar, på sjølvaste samiske nasjonaldagen, endeleg opna det nye klubblokalet sitt i kjellaretasjen i den tidlegare Sævareid skule. Mange i styret hadde gjort ein formidabel innsats i forkant av opningsdagen, og fleire frivillige hadde også bidrege med dugnadsarbeid. Utan denne samla innsatsen ville ein ikkje ha kome i mål til 6. februar 2026.

Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim sto for den offisielle snorklippinga og heldt ein varm og inspirerande tale til dei frammøtte. Leiaren for bygdehuset på Sævareid, Karen Johanne Baalsrud, rosa lokalet og slo fast at dette no er den finaste delen av heile bygget.

Opninga vart markert med snittar, kaker og kaffi, og ein engasjerande lagquiz utarbeidd av Bjarne Ljusnes. Etter opningsseremonien vart det halde årsmøte. Det nye styret består av leiar Einar Gisle Sellevold, nestleiar Olav Samland, kasserar Elin Udstuen og styremedlemmene Harald Måge og Magne Berge.

Powered by Labrador CMS