Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ønskjer meir tid

Publisert Sist oppdatert

Ei intern arbeidsgruppe har peika ut to byggeprosjekt blant dei fem forslaga som kom inn til prosjektkonkurransen for Ivelandstomta i Etne. Dei to prosjekta blei lufta for formannskapet i Etne, og kommunedirektøren kom med ei tilråding om å jobba vidare med prosjekta til A.Utvik AS og Tungesvik Bygg AS.

Det blei stilt ei rekkje krav til prosjekta før dei kunne delta i konkurransen. Blant krava er et mellom anna er eit ønskje om at byggeprosjektet skal innehalda minimum 15 bueiningar, der åtte av desse skal vera bueiningar med krav om minst to hyblar under 25 kvadrat og minst seks bueiningar på 25 til 65 kvadrat. Løysingane skal fremja delingskultur som til dømes felles opphaldsrom, gjestehybel til utleige, bildeling og liknande. Minst halvparten av bueiningane skal ha livsløpsstandard og nytt bygg skal vekslast i bygghøgd mellom to og fire etasjar. Det er også sett krav til uteområde og støyskjerming. Det er også krav til ferdigattest innan seks år etter tildeling.

Gjennom eit kontinuerleg vurderingsarbeid sidan mai, har arbeidsgruppa enda opp med to prosjekt signert A.Utvik og Tungesvik Bygg. I kommunedirektøren si tilråding heiter det at det er behov for å arbeide meir med desse to før det vil bli tatt ei endeleg tildeling. Først etter tildelinga vil ein gå vidare på detaljprosjektering og søknadsprosessar.

Powered by Labrador CMS