Reiselivssjef Vigleik Dueland i Destinasjon Haugesund og Haugalandet.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ønskjer cruisebåtar inn fjordane
Såkalla ekspedisjonscruise er i sterk vekst. No blir det tatt initiativ til at reiselivet i både Etne, Vindafjord og Ryfylke skal få ein større bit av kaka.
— Me er ei ein veldig tidleg fase, men me jobbar ut i frå ei tru på prosjektet, seier Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling – og ansvarleg for det nye reiselivsprosjektet Ekspedisjon Vindafjord».
Mindre cruiseskip
Det handlar kort forklart om at reiselivsnæringa og Vindafjord kommune ønskjer å utvikle eit supplerande tilbod og kapasitet til den eksisterande cruisesatsinga i Haugesund. I klartekst betyr det å bygge infrastruktur og til å ta imot cruiseskip i den såkalla ekspedisjonsklassa til Grannar-distriktet.