Avdelingsleiarane Terje Aarekol og Leon Dyngeland, saman med dagleg leiar Anders Lunde i Omega 365 Consulting, gler seg over ny rammeavtale med Aibel.
Foto: Omega 365.
Omega og Aibel forlenger rammeavtale
Omega 365 Consulting AS har nyleg signert ny rammeavtale for konsulenttenestar med Aibel AS. Avtalen har ein varigheit på to år med opsjonar opp mot totalt åtte år. Selskapa har også hatt rammeavtale dei siste sju åra.
— Dette er ein stor og viktig kunde for oss, som me har jobba tett saman med i mange år, noko som også fører til at me kjenner kunden sine behov godt og lettare kan finne frem til dei rette konsulentane som kunden treng, seier daglig leder i Omega 365 Consulting, Anders Lunde.
Omega 365 Consulting er eit av fleire dotterselskap i konsernet Omega 365, som totalt har 1.685 tilsette med hovudkontor i Ølensvåg. Dei hjelp kundar med ekspertise for prosjektgjennomføring innan sektorer som olje og gass, energi, infrastruktur og bygg med meir, både i Noreg og internasjonalt.
Spesialistar