Erich Monteiro, Linn-Henny Andersen og Irene Landa i Omega 365 Design er nå å treffa i Omega-lokala på Norheim. Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland
Erich Monteiro, Linn-Henny Andersen og Irene Landa i Omega 365 Design er nå å treffa i Omega-lokala på Norheim.

Omega 365 Design med kontor i Haugesund

Vindafjord-bedrifta Omega 365 Design A opnar avdelingskontor på Norheim, i dei same lokala som to andre Omega 365-døtrer held til i.

Publisert Sist oppdatert

Med dette avdelingskontoret ynskjer bedrifta å koma tett på eksisterande og potensielt nye kundar, og gjera det lettare å følgja opp kundane lokalt i Haugesund.

— Målet er å auka kundemassen, auka omsetninga ved å tilby kvalitet og tett oppfølgjing til små, mellomstore og store bedrifter. Me har opparbeidd oss god inhouse-kompetanse og ressursar for produksjon av innhald, design, PR- og kommunikasjon, film, animasjon, foto, sosiale medium, nettsideutvikling og app-utvikling. Det kan også bli aktuelt å tilsetja fleire ved Haugesund-kontoret om satsinga blir ein suksess, seier Eidhammer Hjelmeland, dagleg leiar i bedrifta som er ein del av milliardkonsernet Omega 365 AS i Ølensvåg, i ei pressemelding.

Irene Landa, Linn-Henny Andersen og Erich Monteiro er dei tre tilsette frå Omega 365 Design som får sin arbeidsplass i Haugesund. Dei har alle fartstid som designarar, og set kundeoppfølgjing og gode løysingar for den enkelte kunde høgt.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS