Ein klasse ved Ølen skule er sett i karantene etter ha vore nærkontaktar med smitta person.Arkivfoto
Ølen skule berørt av covid-19
Vindafjord kommune har fått stadfesta eit nytt tilfelle med covid-19 måndag.
Det nye smittetilfellet resulterer i at elevane i ein 3. klasse ved Ølen er sett i karantene og skal testast for smitte. Bakgrunnen for karantenen er at klassen har vore nærkontaktar med éin person som har fått påvist covid-19.
Det er Vindafjord kommune som melder dette.
Totalt er det nå registrert 61 positive smittetilfelle i Vindafjord kommune sidan starten av pandemien. Elleve personar fekk påvist smitte i helga, dei fleste relatert til Vindafjordtunet. Kommunen har på vel ei veke fått påvist smitte hos 22 personar.