Erik Mogeno er klar for show på Skakke i Etne. Han er ein av Noregs fremste buktalararPressefoto
Oktober blir innhaldsrik på Skakke
Erik Mogeno er ein av Noregs fremste buktalarar og neste helg kjem han til Etne med sitt familieshow. Oktober blir elles ein svært innhaldsrik månad på Skakke, med både stand-up, konsert og haustfest.
Han har over 1.900 førestillingar på merittlista si, og har gjennomført showa sine på eit hav av forskjellige åstader. Sunnaas sjukehus, diverse hotell, på apotek, barnekreftforeningen, Bø sommarland, Tine, Dnb, butikkar, hos diverse firma, Statens vegvesen, for ikkje å snakka om dei mange kulturscenane han har stått på.
Laurdag 19. oktober kjem Erik Mogeno til Skakke med sitt populære familieshow som er pakka inn i mykje humor og som fengjer dei fleste mellom 3 og 99 år.
— Mogeno har ein unik kontakt med barna under showet og dei vaksne kan venta seg ein god latter, seier Ingvild Slåke, arrangementsansvarleg på Skakke.