Her er krysset på nye E134 sett i retning vestover. Avkøyringa til Stordalsvegen mot Skånevik er vegen til venstre. Bilete er tatt før vegen vart opna.FOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Her er krysset på nye E134 sett i retning vestover. Avkøyringa til Stordalsvegen mot Skånevik er vegen til venstre. Bilete er tatt før vegen vart opna.

Nye skilt i Stordalen

Tre år etter at den nye vegen i Stordalen i Etne stod ferdig, er skilt som viser veg til Skånevik Fjordhotell og ferjeskilt ennå ikkje kome på plass. Men nå ser det ut som Statens vegvesen ordnar opp og får skilta på plass.

— Dei vil vera ferdig oppsette om tre veker, seier seksjonssjef Lars Øyre i Statens vegvesen.

Saka er også på agendaen i fylkesutvalet i Vestland sitt møte 14. februar, der Synnøve Solbakken (Ap) har stilt spørsmål til fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap). Solbakken reiste spørsmålet også i november 2018 og fekk til svar at skilt kjem på plass.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS