Nye Vågen bedehus ligg sentralt plassert i Ølensvåg, og skal romma aktivitetar for store og små i åra som kjem.
FOTO: PRIVAT
Nybygg til 25 millionar skal opnast til helga
— Det gamle bedehuset var over 110 år gammalt, og svært modent for utskifting, seier Leif Thorsen, styreleiar for Vågen bedehus i ei pressemelding.
Bedehusfolket i Ølensvåg har hatt tankar om nytt bedehus lenge. I mange år var det mangel på ei tenleg tomt som gjorde det mest utfordrande.
Det var i februar 2023 at årsmøtet vedtok bygging av nytt bedehus.