Næringsliv
Ny stor Westcon-avtale
Avtalen er med Odfjell Drilling Ltd., Odfjell Technology Ltd. og Odfjell Oceanwind AS. Avtalen gjeld på tvers av alle Odfjell-selskapa. Dette opplyser Westcon Power & Automation (WPA) i ei pressemelding onsdag.
— Me er svært nøgde med at Odfjell-selskapa har vist oss denne tilliten, og me ser på det som ei stadfesting på at arbeidet og samarbeidet sidan 2019 har vore i tråd med forventningane, seier leiar Jo Kåre Rekkedal for inspeksjon og vedlikehald hos Westcon Power & Automation i pressemeldinga.
Med opsjonane inkluderte er den potensielle verdien av avtalen estimert til rundt 420 millionar kroner, ein av dei største avtalene WPA har signert.
Viktig suksessfaktor
WPA har hovudkontor på Westcon-verftet i Ølensvåg og avdelingar i Bergen og Florø. Med over 30 års erfaring er WPA ifølgje seg sjølv i dag ein av dei leiande aktørane på installasjon av marine elektro- og automasjonssystem. Selskapet fokuserer sterkt på miljøteknologi og energieffektivisering i alle segment, og leverer tenester til prosjekt- og serviceoppdrag både on- og offshore.
Rekkedal fortel at WPA no ser fram til eit vidare konstruktivt og nytenkjande samarbeid med Odfjell-selskapa i åra som kjem. Ansvarleg for elektriske anlegg Hallvard Atle Bjånesøy i Odfjell Drilling kommenterer:
— Det å ha gode underleverandørar er ein viktig suksessfaktor for optimaliseringa av prosjekta til Odfjell Drilling og for den samla leveransen.
Nye arbeidsplassar
Kontraktsansvarleg Daniel Skoglund, som talar på vegner av kontraktsteamet i Odfjell Technology, seier at dei ser fram til å vidareføre det gode samarbeidet med WPA i åra som kjem.
Sidan 2019 har WPA levert tenester innan inspeksjon av Ex-utstyr og elektroinstallasjonar til Odfjell-selskapa. Samarbeidet mellom selskapa har gradvis auka i omfang, og tilsette i WPA har dei siste åra reist verda rundt på oppdrag for selskapa. I pressemeldinga skriv WPA at med rigger spreidde over heile verda og ei imponerande flåte, vil rammeavtalen gi fleire oppdrag i dei kommande åra.
Rammeavtalen tredde i kraft 1. november 2024 og har ei varigheit på fire år, inkludert tre eittårsopsjonar. Arbeidet vil strekkje seg ut over fleire avdelingar hos WPA og skapa nye arbeidsplassar ved avdelingar i Ølensvåg og Bergen.
— Arbeidet me skal utføre for Odfjell-selskapa vil skapa behov for fleire tilsette hos oss. Me ser allereie eit kommande behov for fleire ingeniørar og utførande personell i felt, fortel Rekkedal.