Emma Bjelland Ingebrigtsen.
Foto: Rina AspmoFOTO: Rina Aspmo
Ny skribent
Emma Bjelland Ingebrigtsen (18) er Grannar sitt nyte tilskot til På tampen»-spalta. Ho synest tekstane hennar er best når ho skriv rett frå hjartet.
I over ti år har har Erika Fatland vore eit fast innslag i Grannar-spaltene. I desember takka ho for seg, og no er det yngre krefter som tek over. Emma Bjelland Ingebrigtsen gler seg til å ta fatt på oppgåva.
— Eg har alltid vore glad i å skrive. Norskfaget har alltid vore min favoritt. For to år sidan skreiv eg ein tekst om korona i Grannar, og det var slik redaktøren blei merksam på meg, fortel 18-åringen.
Trening og hybelliv