Batteriferja Matre» var planlagt ferdig til å gå inn i sambandet Skånevik–Utåker-Matre då Boreal Sjø AS overtok kontrakten som operatør ved årsskiftet. Men dieselferja Kvinnherad» går inntil vidare. Ein trafostasjon til ladestasjonen er komen opp i Skånevik.
Foto: Jon Edvardsen
Ny batteriferje må vente til brannårsak er avklara
Brannen i hybridferja MF Ytterøyningen» på Halsnøy i oktober er årsaka til at den nye batteriferja i Skånevik lar vente på seg. Landstraumen er heller ikkje ferdig.
Den nybygde batteriferja Matre» skal inn i sambandet Skånevik-Matre-Utåker, men den nye operatøren Boreal startar med å bruke gamleferja Kvinnherad» ei stund framover.
Ferjereisande møter nytt selskap, men det same mannskapet og den same ferja som før årsskiftet. Ifølgje oppdragsgivar Skyss skal den nye batteriferja Matre» vere på plass i midten av april.
Boreal Sjø AS har ikkje tatt seg tid til å svare på spørsmål om den nye batteriferja og tryggleiken rundt batteridrift etter brannen i Ytterøyningen» hos konkurrenten Norled.