NVE venter ei auke i konsesjonssaker innan både opprustning, utviding og nye prosjekt. Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
NVE venter ei auke i konsesjonssaker innan både opprustning, utviding og nye prosjekt.

NVE vil prioritere store vasskraftprosjekt

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) reknar med ein vekst i konsesjonssøknader om større vasskraftprosjekt framover – og vil prioritere desse høgt.Bakgrunnen for prioriteringa er at prosjekta bidreg med betydeleg kraftproduksjon og gir viktig fleksibilitet i kraftsystemet, opplyser NVE.

– Vi må både styrkje kraftbalansen og effektbalansen i Noreg framover. Den regulerbare vasskrafta er ryggrada i det norske kraftsystemet og bidreg til begge delar, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.

– Alle saker vi får, vil bli behandla, men med ei aukande saksmengd er det endå viktigare å vere tydeleg på prioriteringane våre. Det har vi tidlegare også vore for nettsaker. No gjer vi det same for vasskraft, seier han vidare.

NVE ventar ein auke i konsesjonssaker innan både opprusting, utviding og nye prosjekt.

(NPK)

Powered by Labrador CMS