Foto: Marius Helge Larsen / NTB / NPK
NVE: Svakare kraftbalanse mot 2028
Kraftbalansen i Noreg blir svakare dei næraste åra, men det er framleis venta eit kraftoverskot i 2028. Det viser NVEs nye analyse av den kortsiktige kraftbalansen.
I NVEs analyse blir kraftbalansen redusert frå 18 TWh i 2024 til 9 TWh i 2028. Dei ventar at kraftforbruket aukar med 14 TWh, og at kraftproduksjonen aukar med 5 TWh.
Dei viktigaste drivarane for auka kraftforbruk er etablering av ny næringsverksemd og klimapolitikk, der elektrifisering skal erstatte fossil energibruk. Nokre av grunnane til at forbruket ikkje aukar like mykje som tidlegare venta, er energieffektivisering og at fleire industri- og klimaprosjekt blir utsette, forseinka eller avlyste, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i ei pressemelding.