Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) har klokkartru på flytande havvind, sjølv om kostnadane er høge.
Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
NVE med nye prisanslag for flytande havvind – blir tre gonger dyrare enn vasskraft
Det vil koste 1,34 kroner/kWh å produsere flytande havvind i Nordsjøen, ifølgje nye anslag. Statsstøtta kan bli på opp mot 36 milliardar kroner for eitt anlegg.
– Sjansane for at dette er starten på ein ny industriepoke for Noreg er stor, det er det ingen tvil om, seier energiminister Terje Aasland (Ap) til NTB.
Han blir ikkje skremd av dei ferske anslaga som analyseselskapet Afry har laga for Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Tala er del av grunnlaget for regjeringsforslaget til ei støtteordning for flytande havvind, som fredag blir send ut på høyring.