Øyvind Valen (Ap) under kommunestyremøtet der Vindafjord-budsjettet for 2025 blei vedtatt. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Øyvind Valen (Ap) under kommunestyremøtet der Vindafjord-budsjettet for 2025 blei vedtatt.

Politikarpraten

— November og desember har vore prega av store saker med høgt konfliktnivå

Grannar har bede politiske gruppeleiarane i kommunestyrene i Etne og Vindafjord både om sjå tilbake på 2024, og inn i glaskula for 2025. I dag er det Øyvind Valen frå Vindafjord arbeidarparti sin tur.

Publisert Sist oppdatert

— Kva lokalpolitiske sak blir den viktigaste for deg i 2025?

— Det er mange saker for tida, men eg nemner to: drifta i eldreomsorga i kommunen i åra etter 2030, og utviklinga på Dommersnes.

— Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?

— Eigentleg har eg vore mest opptatt av rekrutteringa til dei kommunale stillingane, men i ettertid ser eg at det er nok budsjettet som har kravd mest tid.

— Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattere med, og kvifor?

— Det er gjennomgåande svært gode debattantar i kommunestyret for tida, synest eg.

— Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framsnakka/framheva?

— November og desember har vore prega av store saker med høgt konfliktnivå, og eg er imponert over korleis ordføraren og ikkje minst gruppeleiar i Sp, Jan Idar Haugen, har stått fast i desse sakene.

— Kven vinn stortingsvalet til hausten, og kvifor?

— Me skal jo ikkje gje opp håpet, men eg er redd det blir høgresida med Frp i spissen som vinn valet. Dei vinn fordi det er generell misnøye med politikken som folk oppfattar blir ført.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS