Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Foreldre er stort sett nøgde med barnehagetilbodet under pandemien, viser undersøkinga til Utdanningsdirektoratet.Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Foreldre er stort sett nøgde med barnehagetilbodet under pandemien, viser undersøkinga til Utdanningsdirektoratet.

Nøgde med barnehagetilbodet

Publisert Sist oppdatert
Sjølv om mange barnehagar måtte drive under smittevernrestriksjonar i fjor, er foreldra like fornøgde med tilbodet som tidlegare, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Koronaen påverka barnehagedrifta mange stader. 4 prosent av barnehagane har hatt heilt stengt i løpet av hausten og 9 prosent delvis stengt. 33 prosent har hatt redusert opningstid i periodar.

93 prosent er fornøgde

I den årlege kvalitetsundersøkinga svarer likevel 93 prosent av foreldra at dei er svært eller ganske fornøgde med barnehagen. Det ligg på same nivå som året før.

— Det viktigast er at barna trivst og har det bra. Derfor er eg glad for at så mange foreldre er fornøgde, sjølv når koronasituasjonen har påverka tilbodet til barna. Det viser at dei tilsette gjer ein god og viktig jobb, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Det som skil seg ut i negativ retning, er mattilbodet. I fjor svarte 62 prosent at dei var fornøgde, mot 76 prosent året før. Det kan komme av at fleire barnehagar har endra eller fjerna tilbodet om mat til barna under pandemien.

I undersøkinga går det fram at foreldra er spesielt fornøgde med at barna trivst og er trygge på personalet (97 prosent). I år er òg fleire enn tidlegare fornøgde med hygiene (88 prosent).

Bemanningskrav er nådd

Nesten alle norske barnehagar – 99 prosent – oppfyller kravet om bemanning. Frå august 2018 vart det innført krav om ein tilsett per tre barn for dei yngste og ein tilsett per seks barn for dei eldste. Kunnskapsministeren seier dette har vore ei viktig satsing for regjeringa.

– Utviklinga går riktig veg. Samtidig er det framleis for mange barnehagar som ikkje har nok barnehagelærarar. Pedagogar har ei nøkkelrolle i arbeidet med å heve kvaliteten på tilbodet, seier Melby.

Sju av ti oppfyller pedagognorm

Ifølgje pedagognorma skal barnehagen ha ein pedagogisk leiar per sju barn for dei yngste og ein per 14 barn for dei eldste. 69 prosent av barnehagane oppfyller pedagognorm utan dispensasjon. Det ein auke frå 64 prosent året før.

Melby seier arbeidet held fram med å styrkje kompetansen i barnehagane.

— Målet vårt er å auke delen barnehagelærarar til 50 prosent av dei tilsette, seier ho.

Den årlege barnehageundersøkinga vart innført for fem år sidan. 128.000 foreldre deltok i fjorårets undersøking. (NPK)

Powered by Labrador CMS