Fekk svaret: Steinar Aalvik kunne endeleg studere steinen på nært hald, og kunne også tilfreds konstatere at rotaryklubben i Odda føretrekkjer nynorsk.Foto: Atle Aas
Steinar Aalvik. Arkivfoto

På tampen

Nobelfesten i Gamlatræ

Då Kennedy vart skoten, låg eg i mors liv, og hadde vel nok med mitt. Eg lever i den trua at eg såg det på fjernsyn, då Armstrong og Aldrin og dei gjekk omkring på månen, men eg tvilar på at fjernsynet var komen til gards på den tida. På mitt første kveldsskift i 1981 fekk eg med meg at Bjørge Lillelien hadde slått England i fotball, men det gjekk ikkje inn på meg. Eg kan lite gjera greie for kor eg var då Oddvar Brå braut staven, men eg trur det var i 1982. 17. januar 1991 var ein merkedag i livet. Om morgonen vart Olav morbror funnen død i senga, og om kvelden døydde Kong Olav V. 11. september 2001, stod eg i åkeren og kvista kålrot då flya fauk inn i World Trade Center.

5.oktober 2023, stod eg opp til vanleg tid. Eg gjekk i floren og mjølka kyrne mine. Etter frukost flytta eg kvigene i Åsen opp på øvste teigen, og plukka ned det elektriske gjerdet. Me hadde steikt fiskapudding til middag. Etter middag tok eg ned det elektriske gjerde rundt Hansastykkje og Karlsenbeite. Det for ei dama der i skogen med korg på armen, ho leita vel etter sopp. Veret var strålande, men eg måtte gje meg litt tidleg, for bygdeboknemda i Etne hadde kalla meg inn til eit møte. Dei ville at eg skulle syta for at det som eldre sørstrondingar hadde å fortelja vart teke vare på i ein liten svart boks. Eg kom litt for seint. Me gratulerte kvarandre med dagen, og fekk vel elles gjort kva gjerast skulle. Men møte drog ut litt, slik det gjerne gjer, og eg vart sein i floren til kveldsstellet. Det gjorde ikkje så mykje, for kyrne er nå meir eller mindre utgjelde. Om kvelden kom Vetla-Solveig, Ingemund og badne opp her. Me gratulerte kvarandre med dagen. Me bløytte krotakaker og hadde oss kvelds. Bror min tok bilete av oss med mobilen og sende det til Kvam, til dei som kom med kakene søndagen før.

Eg har ingen illusjonar om å nå same levealder som desse grandtantene her på bruket. Så om å gjera er vel heller ikkje, men skulle eg nå skils år og alder og verta gamal og grå, og nokon tek seg bryet med å spørja meg om kor eg var hen denne torsdagen i 2023, ville eg nok kunna svara nokolunde detaljert. Om dei som eventuelt stiller spørsmålet let seg imponera av den slags, og undrar seg på korleis eg kan hugsa alt dette er svaret enkelt – Det var den dagen Svenska Akademien kunngjorde at nobelprisen i litteratur var tildelt Jon Fosse

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS