Denne familien var svært glade for å få leiga skiutstyr frå Frilager Haugalandet på Oppheim i Ølen søndag. Thomas Åsbø og Elisabeth Kvammen saman med barna Emma og Elin
Foto: Privat
No kan du leiga skiutstyr
Skiutstyr kan fort bli ein dyr affære, spesielt når det kjem til barn som gjerne kan veksa eit par-tre storleikar i året. Nokre har kanskje plassert alt dei har av langrennsutstyr på hytta på fjellet, mens andre ikkje ser seg råd til å kjøpa nytt til sonen eller dottera akkurat dette året. Då er denne utstyrstilhengjaren med både ski, stavar og sko, midt i blinken til alle som skulle ønskja å ta seg ein skitur.
— I helga som var opplevde me stor pågang frå folk som gjerne ville nytta seg av det flotte vintervêret. Sidan det var første gong, stilte me også utstyret vårt disponibelt og utan leigekostnad, og halvparten av dei 80 para me har blei utlånte. Det var veldig kjekt, seier styreleiar i Frilager Haugesund, Per Sigurd Velde.
Frilager Haugalandet er ein utleigeportal for friluftsutstyr til alle, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Haugesund Turistforening, Friluftsrådet Vest og Haugesund Røde Kors.