Etne SparebankFOTO: Henning Tysvær Nymoen
Etne Sparebank slik han såg ut tidlegare. No er bokstavane på veggen borte, og om ikkje lenge vil det stå Sparebanken Vest her.

Nesten ti millionar i overskot

I sin kvartalsrapport for årets andre kvartal kjem det fram at Etne Sparebank ved utgangen av kvartalet har eit driftsresultat før skatt på 9,52 millionar kroner eller 0,96 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital. Tilsvarande tal på same tid i fjor var 18,60 millionar og 1,85 prosent. Banken sitt resultat før tap er på 9,41 millionar og utgjer 0,95 prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital, medan det var 20,83 millionar og 2,07 prosent i same periode i fjor.

I sin omtale av utsiktene framover beskriv styret i banken at auka energi-, mat- og råvareprisar skapar nye utfordringar etter at koronasituasjonen har forstyrra den globale forsyningskjeda. Prisane er på veg oppover, og det ligg også ann til auka renter framover. Styret meiner at ein også lokalt vil merke dette, og at både private hushald og bedrifter vil få ein strammare økonomi. Dette skal vere teke omsyn til ved innviing av kreditt/lån, og på kort sikt vil dei fleste av banken sine kundar klare seg greitt. På lenger sikt kan det bli mindre pengar til fritid og reiser, noko som andre næringar etterkvart vil merke. Samtidig ser styret at myndigheitene legg opp til støttetiltak som skal hjelpe på situasjonen.

Rentenivået og konkurransen skaper framleis eit stort press på banken sin rentenetto og dermed inntening, samtidig som krava for å drive bank vert strengane. Etter nøye vurderingar og sonderingar, har styret i banken vedteke å fusjonere Etne Sparebank inn i Sparebanken Vest. Styret meiner at med ein solid og kapitalsterk bank i ryggen, vil dette sikre ei god bankdrift i Etne framover, samtidig som eksisterande kundar blir godt ivaretekne.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS