I oktober går den siste settefisken ut frå Vågafossen Settefisk som har eksistert sidan 1986. Produksjonen av laksebabyar starta litt før med forløparen Ilsvåg Bruk AS som også var etablert i Ilsvåg.
Dagens eigar Mowi Norway har søkt om å få rive store delar av både bygningar og kar. Den store bygningen skal vekk, og det er berre to bygningar (heilt bak på bildet), der det blant anna er anlegg for resirkulering av vatn og vaksinelinje, som overlever fornyinga. I alt ni kar ute på området, ein gammal garasje og kraftstasjon skal også vekk.
Brikker på plass