Vindafjord rådhus.
ARKIV
Får over ein halv million til rusarbeid
Dette kjem fram i eit vedtaksbrev signert av
assisterande direktør Marit Bergeland og seniorrådgivar Sita Grepp i
Statsforvaltaren i Rogaland 16. februar.
Pengane er ubrukte og
overførte midlar frå 2025. Miljøarbeidarstillinga er på 80 prosent.
Dette er det siste året
med denne ordninga. Etter Stortinget sitt budsjettvedtak for 2026 blir løyvinga
til kommunalt rusarbeid over statsbudsjettet innlemma i rammetilskotet til
kommunane for budsjettåret 2026. Det kan ikkje lenger søkjast om tilskot over
ordninga. Sidan ordninga blir fasa ut, er 2026 siste tildelingsår, og det vil
ikkje bli gitt tilskot frå og med 2027. Midlane skal nyttast i 2026.