Nesten alle i brannkorpset har sagt opp
Det betyr at det i går var berre 3 av 11 i brannvesenet som ikkje har sagt opp jobbane sine ved brannstasjonen i Skånevik. Brannberedskapen i Skånevik kan stå ganske ribba tilbake når oppseiingane er effektive om snaue tre månader.
Bakgrunnen er den langvarige konflikten i Haugaland Brann og Redning (HBR) der brannmenn på grunnplanet meiner dei ikkje blir lytta til, men heller trakassert.
Brannsjef Dag Botnen har informert både eigarar og styret i selskapet om situasjonen som han meiner er uheldig og blir tatt på største alvor.