Nei til flyktningar i 2009

Likevel gjekk komiteen inn for at dei snarast skulle setja i gong tilretteleggingstiltak for på […]

Publisert Sist oppdatert

Likevel gjekk komiteen inn for at dei snarast skulle setja i gong tilretteleggingstiltak for på seinare tidpunkt kunna ta imot flyktningar. Det blei gjort vedtak om å setja i verk ein slik prosess i 2005, men den er enno ikkje komen i gong. Etne kommune sa nei til å ta i mot flyktningar i 2006, men sa seg positive til å gjera nytt vedtak på seinare tidspunkt.
Bustadmangel var eit av argumenta den gong, som nå.
Dersom kommunen kan framskaffa bustader finansierte av Husbanken stiller dei seg positive til å gjera nytt vedtak i saka.
Annbjørg Flåte (Ap) meinte at komiteen straks burde setja i gong prosessen for å kunna ta i mot flyktingar på seinare tidspunkt, i tråd med vedtaket gjort i 2005.
Svein Ketil Løhaugen (Sp) meinte kommunen ikkje kunne stilla seg slik at dei sat overfor same problemstilling om tre år, og stemde i med Flåte.
Samrøystes gjekk Komitè Folk inn for å ikkje ta i mot flyktningar i 2009, men setja i gong tiltak som kan tilrettelegga for dette seinare.

Powered by Labrador CMS