Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ulla Johansson (t.v.), Cecilie Tønnessen-Vestbø med 8 månader gamle Caroline og helselagsleiar Silje Holden Birkeland under helselaget sin stand på Ølen senter.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ulla Johansson (t.v.), Cecilie Tønnessen-Vestbø med 8 månader gamle Caroline og helselagsleiar Silje Holden Birkeland under helselaget sin stand på Ølen senter.

Nedre Vats helselag på banen

Publisert Sist oppdatert

I dag har 77.000 personar i Noreg demens, og talet vil truleg dobla seg innan 2040. På verdsbasis er så mange som 50 millionar råka, noko som truleg vil auka til meir enn 130 millionar mot år 2050. Årsaka til den store auken er mellom anna å finna i auka levealder, og med stadig fleire råka er behovet for å finna ein kur mot sjukdomen svært viktig. Gjennom Demensaksjonen 2017 i regi av Nasjonalforeininga for folkehelsa er målet å samla inn pengar som skal gå til forsking slik at ein kan få større kunnskap om årsakene til sjukdomen og utvikla ein kur mot den dødelege hjernesjukdomen.

Nedre Vats helselag er opptatt av å jobba for god helse.

— Helselaget er ein del av nasjonalforeininga, og alle helselag i landet blei invitert til å delta under aksjonen. Me er opptatt av demens og valde å bli med, fortel leiar i helselaget Silje Holden Birkeland som saman med laget sine medlemmer stiller opp med innsamlingsbøsse og nyttig informasjon når dei bankar på dørene til folk rundt om i Vindafjord kommune.

Powered by Labrador CMS