Terje Kleiven, kommuneoverlege i Vindafjord.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
— Nå må alle vera ekstra på vakt
Smitteauken i Vindafjord ser ikkje ut til å roa seg. Mange av dei smitta er uvaksinerte og mange er blitt svært sjuke. Nå ber kommuneoverlege Terje Kleiven folk vera ekstra på vakt dersom dei får symptom.
Fredag kom melding om at 19 nye positive prøvar av covid-19 er registrert i Vindafjord. Dermed var det totale talet på smitta oppe i 285 sidan pandemien starta. Dei siste to vekene har talet stige med 114 bekrefta tilfelle, 45 av desse var bekrefta på torsdag.
Rundt to tredeler av dei bekrefta smitta er uvaksinerte og mange er blitt svært sjuke. To personar er lagt inn på sjuke hus. Ein person er lagt inn i Haugesund og ein i Stavanger. Ein av pasientane ligg på intensiven. Begge er uvaksinerte og middelaldrande. Nå fryktar kommuneoverlege at fleire uvaksinerte kan bli alvorleg sjuke.
— Me har stabil høg smitte og det er grunn til å frykta alvorleg sjukdom, seier Terje Kleiven til Grannar.