Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port oppmoda folk til å sende høryngsinnspel. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port vil gå i dialog med Statsforvaltaren her frå eit folkemøte.

Energi

Motvind for Dommersnes-planar

Statsforvaltaren i Rogaland kjem med fleire motsegner og faglege råd til planforslaget om utvikling av industriområdet på Dommersnes i Vikebygd. Dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port håpar at dei kan møte innspela på ein konstruktiv måte.

Publisert Sist oppdatert

— Me ønskjer å få løyst alle motsegnene før andre gongs handsaming i kommunen – anten ved å imøtekome dei direkte eller ved å finne løysingar i dialog med Statsforvaltaren, fortel dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port.

28. april sende Statsforvaltaren i Rogaland inn sitt høyringssvar til reguleringsplanen for industri- og hamneområde Dommersnes. Planen blei utarbeidd av konsulentselskapet Norconsult på vegner av Windafjord Port og sendt på høyring etter vedtak i kommunestyret. Svaret frå Statsforvaltaren var signert assisterande statsforvaltar Lone Merethe Solheim og fylkesmiljøvernsjef Cathrine Stabel Eltervåg. Totalt kom dei med åtte motsegner og ni faglege råd.

Motsegn er eit verkemiddel som kan brukast av Statsforvaltaren dersom dei meiner at ein plan er i strid med nasjonale interesser, viktige regionale interesser eller andre vesentlege interesser. Ei motsegn skal grunngjevast ut frå nasjonale eller regionale mål, rammer og retningslinjer.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS