Færre blir mobba på vidaregåande skule i Rogaland enn elles i landet.
Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB / NPK
Mobbing på veg ned i vidaregåande i Rogaland
Færre blir mobba på vidaregåande skule i Rogaland enn i andre fylke i landet. Mobbing er på veg ned, også digitalt.
350 elevar på vidaregåande skule i Rogaland blir mobba fleire gonger i månaden. Det viser kvalitetsmeldinga for førre skuleår, som kjem frå Elevundersøkinga som kartlegg omfanget av mobbing på vidaregåande skular i Rogaland, skriv Rogalands Avis.
Tala viser også at digitalt mobbing er mindre omfattande enn tidlegare. Førsteamanuensis Ida Risanger Sjursø ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger, peikar på at den digitale arenaen gir moglegheiter for skjulte former for mobbing som er vanskelegare å oppdage.
— Forsking viser at mobbinga blir meir skjult jo eldre elevane blir og dette understrekar behovet for gode verktøy for å følgje med. Dette gjeld både i det førebyggjande arbeidet og i undersøkinga av saker der ein har fått melding om mobbing.