Mistanke om bildumping
Det var i 23-tida at Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fekk melding om ein bil som […]
Det var i 23-tida at Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fekk melding om ein bil som var oppdaga ved fjorden nedafor vegen på Bjørgjo som ligg på sørsida av Etnefjorden.
Politiet var usikre på om bilen var dumpa eller utsett for ei ulykke, og sendte ut både ambulanse, brannvesen og eigne folk. På funnstaden er det bratt og ulendt, og båt blei nytta for å koma bort til bilen.
Det viste seg at det ikkje var personar i bilen, og politiet ser ikkje bort frå at den er forsøkt dumpa. Saka blir fylgd opp av Etne lensmannskontor.
Annonse
Grannar har tidlegare i år fortalt om fleire bilvrak som er dumpa ned i stupet ved den gamle bosstippen på Bjørgjo.