Stig Hatteland er konsernsjef i Hatteland Gruppen.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Milliardresultat for Hatteland
Hatteland-gruppa i Åmsosen kom ut med eit resultat før skatt på 1,1 milliardar kroner i 2021. Det solide overskotet kan i hovudsak tilskrivast investeringar på børsen.
Konsernet grunnlagt av Jakob Hatteland hadde solide inntekter i fjoråret, viser rekneskapen. Samla er det inntektsført nesten 1,7 milliardar kroner, mot 457 millionar i 2020. Mesteparten, ca. 1,36 milliardar, kjem i hovudsak frå investeringar på børsen. IT-relatert omsetning utgjorde 247 millionar og industriell omsetning 77 millionar.
Konsernsjef Stig Hatteland er godt tilfreds med fjoråret, men presiserer at store deler av inntektene ikkje er realiserte verdiar.
— Me trefte godt på ein god del aksjar i fjor. Børsen kan vera brutal, så det er ikkje gitt at desse investeringane gir like gode utslag i år, seier han