Foto: Meteorologisk institutt
Meteorologane inviterer til vêrkampanje
Vêrkampanjen går ut på å måle og kjenne på regn. Håpet er at det vil gjere det enklare å forstå dei mengdene som blir varsla.
– Nokre gonger treng vi regn. Og ein sølepytt å plaske i kan vere moro. Men regn kan også vere ei plage. Vi blir våte på sokkane og hårsveisen blir flat. Fotballtreninga blir avlyst. Bussen skvettar vatn på oss, og då kan vi bli triste og leie eller sinte og sure, heiter det i ei pressemelding frå Meteorologisk institutt.
Dei peikar også på direkte farlege sider ved regnet. Det kan fløyme over, inn i kjellaren og vegen kan rase ut. Når klimaet blir varmare, blir det også våtare. Då blir regnet ofte ei plage, og mange synest dette er skummelt, skriv dei vidare.