— Me har ikkje makt til å stoppa krigen
— Resultatet for å få fred blir at me på gje frå oss land. Me har ikkje makt til å stoppa krigen. Me har ikkje nok soldatar og det blir vanskeleg å stoppa Russland dersom USA ikkje vil dette. Me trur ikkje Europa har moglegheit til å støtta oss med nok våpen, seier dei tre ukrainarane Anton Lytvynenko (25), Jelyzaveta Hymyicy (43) og Yana Lubinets (24). I dag er busett i Ølen og Ølensvåg.
Jelyzaveta (43) kom til Ølen i 2023 saman med sine to barn får byen Mucachevo vest i Ukraina. Anton (25) og Yana (24) var busett i distriktet rundt Kyiv. Alle tre hadde gode jobbar i heimlandet og levde eit godt liv. Men etter at krigen braut ut såg dei ingen annan utveg enn å flykta frå heimlandet. Det blei for farleg å bli verande.
— Eg flykta i august 2022. Eg reiste først til bestemor i vest fordi armeen var nær min by ved Kyiv. Så drog eg til England før eg kom til Ølen. Mor, far og mine søsken er igjen i Ukraina. Sivile blir drepne i min by og russarane angrip kvar natt, seier Yana.