McDonald’s skal selje mat på bensinstasjonar
McDonald’s har inngått ein avtale med Esso-kjeda og skal opne restaurantar på fleire Esso-stasjonar dei neste åra.
– Vi i McDonald’s har ambisjon om å vekse og vere tilgjengelege på endå fleire stader i Noreg, og gode lokasjonar langs veg er attraktivt for gjestene våre. Difor er vi veldig glade for dette samarbeidet, som vil gi både lokale gjestar og reisande høve til å ta ein hyggeleg pause der dei kan ete og lade bilen samtidig – alt på éin stad, seier administrerande direktør for McDonald’s i Noreg, Ann Helen Våge, i ei pressemelding.
Den nye avtalen inneber opning av McDonald’s-restauranter på minst sju Esso-stasjonar i løpet av dei neste par åra.
Annonse
Først ut er Esso-stasjonar i Hønefoss og Bø.
I 2024 vart det opna sju nye McDonald’s-restauranter, det høgaste talet i løpet av eitt år sidan 1998.
(NPK)