Dei aller fleste i Etne og Vindafjord takkar ja til koronavaksine.
Illustrasjonsfoto: Apotekforeningen
Massevaksineringa er i gang
I dag, torsdag, starta massevaksineringa mot covid-19 for dei som er 85 år og eldre i Vindafjord.
Framover skal det etter planen vaksinerast kvar torsdag i Sjøperlo (Ølen kulturhus). Alle blir kontakta etter prioriteringslista, og helsepersonell blir vaksinert parallelt.Det er Vindafjord kommune som opplyser dette på si heimeside.Til nå har bebuarar med langtidsplassar på omsorgssenter og dei i omsorgsbudstadar fått koronavaksinen. Den blir sett i to omgangar med tre vekers mellomrom.
— Frå 6. januar til i dag er det sett 318 dosar i Vindafjord, 144 av dei i dag. 72 personar har så langt fått dose to og er ferdigvaksinerte. Det har gått veldig bra, og me har hatt svært lite biverknadar, fortel Anne Beate Økland, beredskapskoordinator for smitte, testing og vaksiner, og vart sjølv ferdigvaksinert i dag.
Omfattande arbeid
Massevaksinering har kommunen lang erfaring med, men det er eit mykje meir omfattande arbeid med koronavaksinen. Smittevern og organisering er ein ting. Men det må gå raskt frå vaksinen er tatt ut av fryseskapet, som held minus 70 grader, til den blir sett. Og den kan ikkje lagrast i meir enn seks dagar.
Vindafjord kommune følgjer Folkehelseinstituttet si liste over kven som skal prioriterast:
- Bebuarar i sjukeheim
- Alder 85 år eller eldre og helsepersonell
- Alder 75 til 84 år og helsepersonell
- Alder 65 til 74 år, enkeltpersonar 18 – 64 år med særleg høg risiko og helsepersonell
- Alder 55 – 64 år med underliggjande sjukdom eller tilstand
- Alder 45 – 54 år med underliggjande sjukdom eller tilstand
- Alder 18 – 44 år med underliggande sjukdom eller tilstand
- Andre
Har du ikkje fått melding, ta kontakt
Det er per i dag sendt ut brev og SMS til alle over 65 år om samtykke til vaksinering. Dei neste som får melding, er enkeltpersonar 18-64 år med særleg høg risiko.
Dei som har svara ja til vaskinering, blir kontakta om tid og stad. Førebels er alle blitt kontakta via telefon.
— Når me kjem til aldersgruppa 18-65 år utan sjukdom eller risiko, reknar me det som samtykke når dei bestiller time, seier Økland i ein artikkel på kommunen si heimeside.