Styreleiar Elling Hetland (nærmast) og brannsjef Dag Botnen då dei var i formannskapet i Etne for å informere om konflikten i Haugaland brann og redning. Foto: Jon Edvardsen
Styreleiar Elling Hetland (nærmast) og brannsjef Dag Botnen då dei var i formannskapet i Etne for å informere om konflikten i Haugaland brann og redning.

Mannskap rapporterer om hets på sosiale medium

Tilsette i indre strøk av Haugaland brann og redning opplever det dei meiner er klar trakassering på sosiale medium frå leiarar i ytre del, med bakgrunn i brannvesenet på Karmøy. For to dagar sidan var brannsjef Dag Botnen og styreleiar Elling Hetland kalla inn på teppet hos politikarane i Etne.

Publisert Sist oppdatert

Grannar har fått tilgang til eksempel på sosiale medium som dei som blir utsette for det, meiner ikkje passar seg i omtale av kollegaer. Spesielt når uthenginga kjem frå leiarar, og det dertil kokar av misnøye i brannkorpsa ikkje minst i Etne, men også i Ølen og Suldal.

Personar som opplever å bli offer for uthenging, meiner det er trakassering og hetsing.

Ein del av det er over eitt år tilbake i tid, men samstundes som granskingsrapporten om bekymringsmeldingar i Haugaland brann og redning (HBR) var under arbeid av eksterne konsulentar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS