Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Mann i 50-åra funnen død i Skånevik – politiet trur det kan vera ei tragisk fallulukke

Ein mann i 50-åra blei natt til laurdag funnen død i ein bratt skråning i Skånevik. Politiet fekk melding om hendinga klokka 03.20, og alle naudetatane rykte ut til staden.

Publisert Sist oppdatert

– Mannen blei funnen ute i terrenget og blei erklært død på staden. Det er ingen haldepunkt for at det har skjedd noko kriminelt, opplyste operasjonsleiar Rune Tallaksen i Sør-Vest politidistrikt i ei første melding frå politiet.

Mannen blei funnen i ei bratt skråning, og politiet jobba i morgontimane med å varsla dei næraste pårørande.

– Politiet er ferdig på staden, og først klokka 08:56 hadde politiet lukkast med å koma i kontakt med alle pårørande. Politiet opprettar sak, og ei av hovudhypotesene er at dette er ei tragisk fallulukke. Avdøde vil bli obduserte, skreiv Tallaksen klokka 05.53.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS