Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Mann fekk armen i klem under bil

Politi og ambulanse rykte onsdag kveld ut etter melding om ei arbeidsulykke i Sandeid

Publisert Sist oppdatert

Klokka 20.25 fekk politiet melding om at ein mann hadde fått armen i klem under ein bil. Det opplyser operasjonsleiar Steinar Knudsen i Sør-Vest politidistrikt.

Ifølgje politiet skal mannen ha blitt frigjort av andre på staden ved hjelp av ein traktor før naudetatane kom fram. Tilstanden til mannen er førebels ikkje kjent.

Hendinga skjedde utandørs, og politi og ambulanse kom raskt til staden for å yta hjelp. Politiet vil etterforska hendinga vidare for å kartleggja kva som har skjedd.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS