Guro M. Fjellhaug, leiar i NITO Hordaland.
Foto: Bjarne Krogstad/ NITO
Mangel på ingeniørar på Vestlandet
Sju av ti bedrifter på Vestlandet synest det er ganske eller svært vanskeleg å få tak i kvalifiserte ingeniørar.
Det viser Behovsundersøkelsen 2025, utført av Ipsos Norge.
– Dei viktigaste årsakene er konkurranse på arbeidsmarknaden og at det er vanskeleg å finne dei kvalifiserte ingeniørane. Konsekvensen er at oppgåver ikkje blir løyste. I mange bransjar er dette kritisk, seier Guro M. Fjellhaug, avdelingsleiar i NITO Hordaland, i ei pressemelding.
NITO er med dei 112.000 medlemmene sine Noregs største fagorganisasjon for ingeniørar og teknologar. Behovsundersøkinga blir årleg gjennomført på vegner av NITO med formål om å kartleggje korleis arbeidsgivarar ser på noverande og framtidige behov for ingeniørar og teknologar.