Gangstien frå Isvik mot Trovåg blei den mest populære i Ut på Tur i Vindafjord i 2023.
Foto: Siri Nonslid
Mange gjekk på tur
Ut på Tur i Vindafjord-sesongen er over for i år.
Ut på Tur i Vindafjord er ein del av Friluftsrådet Vest sin TellTur-sesong for heile Haugalandet. Etter TellTur sine målingar er det registrert 4049 turar til dei 15 ulike turmåla i Vindafjord. Desse turane er gått av 821 ulike turgåarar.
821 innsjekkar gjorde den tilrettelagte turen i Skjold til den mest populære i kommunen. På andreplass kom den tilrettelagte turen i Vikedal, som er ein rundtur Holmen-Kyrkjehølen, med 449 innsjekkingar.
I år er det levert inn kodeord både digitalt og på papir av turgåarar i alle aldrar. Rådgivar Norunn Helland for idrett og kultur opplyser at det er registrert fleire turgåarar over enn under 15 år, så kommunen håpar at enda fleire turgåarar under 15 år blir med og går turane og registrerer seg neste sesong.