Torild Inger Børretzen stiller ut kunst på Galleri Skakke.Arkivfoto
— Malar for fred, glede og harmoni
68-åringen, utflytta etnejente og no busett i Bergen, har via sitt liv til kunsten og har sett spor etter seg over heile landet. I dag heng bileta hennar på sjukeheimar, sjukehus, i bankar og på tannlegekontor fleire stader i landet. Turistar som tar Hurtigruta frå Bergen til Kirkenes, får også sett på kunsten til Børretzen, då ho har bilete hengjande også her.
— Eg malar for glede, fred og harmoni, men også for å uttrykkje spenning og indre liv, seier ho, og legg til at naturen gir mykje.
Linjer og fargar i eit stilleben, kan også symbolisera kjensler. Børretzen jobbar til tider abstrakt, men oftast kan ein kjenna igjen noko frå det figurative. Ho blir inspirert av reiser i vår eigen natur, men også i andre land, og det er dette som inspirerer henne til å driva vidare.