Dagleg leiar i laksefella i Etneelva, Per Tommy Fjeldheim (t.v.) saman med Cato Hauge og Allan Gaffey i samband registrering av laks i eit tidlegare høve.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Machofest i Etneelva gir få lakseegg
Ifølgje Havforskingsinstituttet (HI) blei det registrert om lag 1.500 oppvandrande laks i Etneelva i løpet av sommaren 2024. Dette ligg litt under gjennomsnittet for elva, men tala var likevel høgare enn frykta tidleg i sesongen. Rundt to tredelar av desse fiskane var éinsjøvinterfiskar, altså laks som returnerer til elva etter berre eitt år i sjøen. Desse fiskane er ofte små, veg under tre kilo og er i stor grad hannar.
Sidan det berre er hofisken som legg rogn, er det hoene som sikrar neste generasjon. Ein overvekt av hannar gir dermed låg produksjon av egg. Havforskingsinstituttet omtalar denne ubalansen som ein situasjon der elva får ein machofest», men resultatet er få lakseegg. Dette kan svekka bestanden si evne til å reprodusera, sjølv om det totale talet på oppvandrande fisk ikkje var dramatisk lågt.
— Me har sett ein tendens dei siste åra på at noko skjer med fisken i havet mellom det første og det andre året. Havet er ein farlig stad, og sidan 2019 har det blitt enda farlegere. Uvisst kvifor, uttalar Fjeldheim til Havforskningsinstituttet.