Etne sentrum har mange lyktestoplar med bannerhoppheng, og om sommarane blafrar bannerar for å reklamera for både Etne Cup, Etnemarknaden og sentrumsforeininga. Det er ikkje lov, seier Statens vegvesen og ber dei ansvarlege fjerna opphenga.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Må ta vekk oppheng til reklamebanner i sentrum
I eit brev til Etne kommune krev Statens vegvesen at banneroppsett på lyktestolpane i sentrum blir fjerna. Dette er brot på vegtrafikklova, og til fare for trafikktryggleiken, meiner vegvesenet.
I samband med endring av offentlege trafikkskilt langs krysset til Strondavegen i Etne sentrum, har Statens vegvesen observert at det er sett opp oppheng for banner på lyktestolpar både langs E134 og langs fylkesveg 5014, som er Strondavegen. Bannera har vore reklame for både Etnemarknaden, Etne Cup og sentrumsforeininga i Etne, saman med teksten Velkommen til Etne, samt kommunevåpenet til kommunen. Dette har ikkje falle i god jord hos vegvesenet, og no krev dei at opphenga blir fjerna.
— At dette både var søkjepliktig og til fare for trafikken, var nytt for oss. Det er mange år sidan me kjøpte inn bannera, og om ein ser bort frå desse to siste åra har dei hengt på lyktestolpane kvar sommar i mange år, seier leiar for Etne Cup, Roar Gundegjerde.
Samarbeid mellom fleire