Terje Kringeland ser til at kjøtet blir kutta og pakka før det går ut til kunden.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Må importere lam
— I år har vore eit kjempeår for sal, både av lam til pinnekjøt og lam elles, seier daglig leiar Svein Fatland.
Han er godt nøgd med både omsetnad og kvalitet på årets lam. Kjøtet som går til pinnekjøtproduksjon må vera av beste kvalitet. I år har det vore det minste problemet.
— Kvaliteten på lamma har gått opp, og i år har det vore lett å finna fine lam. Snittvekta har vore 1 kilo over normalen. Godt beite, god mat, avl og ein driftig bonde gjer at dyra blir ekstra fine, seier han og skryt av bøndene som produserer så fin vare. Han skulle berre hatt tilgang på mykje meir sau.