Lysregulering i Skjold

Statens vegvesen skal i gang med arbeid på E134 ved Solheimskrysset i Vindafjord. Vegen blir difor snevra inn til eitt felt og det blir lysregulering for trafikken som skal passera.

— Dette skjer i perioden frå byrjinga av januar til midten av mai, opplyser prosjektleiar Asbjørn Opedal i Statens vegvesen.

Vegvesenet skal gjera klart til det nye Solheimskrysset, og må grava langs kanten av vegen. For å sikra tryggleiken til anleggsarbeidarane og trafikantane under arbeidet, samt ha god nok avstand mellom trafikantar og anleggsmaskinar, må vegen snevrast inn i denne perioden.

— I vinterferien og påskeferien vil vegen vere open med to køyrefelt utan lysregulering, fortel Opedal.

Arbeidet er ein del av bygginga av ny E134 mellom Skjoldavik og Solheim. Prosjektet som er del av Haugalandspakken, skal stå ferdig i desember 2015. Hovudentreprenør er Vassbakk & Stol AS.

Powered by Labrador CMS