Lykkelige Etne kommune

Men som det heiter i songen Lykken kommer og lykken går», så får ein sjå […]

Publisert Sist oppdatert

Men som det heiter i songen Lykken kommer og lykken går», så får ein sjå til slutt kva det endelige resultatet blir. Der omsorg og pleie, skule, og bygging av dette Skakke»-senteret i etnebygda er noko, der ein heller ikkje skal gløyma at barnehagen i Skånevik skal få lengre opningstid. Det er moro og kunne sjå pengane strøymer inn til kommunekassen. Der eg vil tru det kjem nokre kroner og, frå desse glade Laksane» i Skånevik. Som har toppa dei fleste skattelistene, ikkje berre i Etne kommune, hipp hurra.
men som husmannsguten sa spar i gode tider og bruk i dårlige tider», det er vel noko i det og.
Kunsten er vel og ikkje la pengane fossa ut att, men at ein får til ordningar der kommuneøkonomien blir stabil, og at ein tar i bruk noko som heiter samfunnsøkonomi. Får håpa det kjem nokre dråpar der dei fleste skattekronene kjem frå. Der ein har evne og vilje til og kunne fordela rett og å kunne sjå fram i tid.
Der ein ikkje brukar ordet Me gjere det i Etne», men føyer til kommune.

Ove Wiland
Skånevik

Powered by Labrador CMS