Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lukka smolt-kar med positive resultat

Publisert Sist oppdatert

Sidan 2013 har Sveio-baserte Aquafarm Equipment testa produksjon av såkalla postsmolt i semi-lukka merd, i tett samarbeid med konsesjonshavar Mowi AS på Molnes ved Skånevik. Merden, eller tanken om du vil, har fått namnet Neptun», og det er tredje generasjon av tanken som ligg på lokaliteten.

Kan ha 1 million smolt

Den rømmingssikre merden ser imponerande ut der den ligg i den rolege sjøen midt i Hjelmervik, med ein 1,6 meter høg vegg som stikk opp av vasskorpa, og ein diameter på 40 meter og omkrins på 124 meter. Men det er berre toppen av isfjellet ein ser. For karet er heile 22 meter djupt og rommar 21.000 kubikk med vatn. Tanken er laga av glasfiber som er forsterka med stål. Det er konstruert for å kunne produsere inntil 1 million postsmolt, altså laksefisk på mellom 700 gram og 1 kilo, og som skal plasserast i matfiskanlegg når den har vakse seg ferdig på Molnes.

Powered by Labrador CMS