Sola har snudd og me går mot lysare tider. Og så aller verst vêr blir det ikkje i første del av julehelga.Foto: Terje Bendiksby / NTB
Sola har snudd og me går mot lysare tider. Og så aller verst vêr blir det ikkje i første del av julehelga.

Lite snø i julegåve i sør – men full sol skal det bli

NPK-NTB: Blir det kvit jul? Ja, i fjellet, litt i nord og i nordvest. I låglandet i Sør-Noreg lovar meteorologane sol som eit stort plaster på såret.

— Gåva vår er nok ikkje kvit jul, men akkurat i år blir kanskje sol sett meir pris på enn snø? Og sol skal det bli – frå og med i dag, tvitrar dei.

Klar himmel betyr òg låge temperaturar, så dermed kan det nok òg bli litt rimfrost på trea, om ikkje anna.

Nokre tilfeldige søk hos Yr.no for å sjekke vêret julaftan viser full sol på Kongsberg, i Drøbak, i Bergen og i Stavanger. Både før og etter julaftan ser det heile meir grått og vått ut, så det er verkeleg eit lite julegløtt som ventar.

Fjellovergangane i sør strevar tysdag med snøfokk og vind, men her skal forholda betre seg igjen i god tid før klokkene kimar om to dagar. I Nordfjord og Møre og Romsdal må folk derimot belage seg på ein god del snø, særleg i fjellet. Så der blir jula i alle fall kvit:

— Tenk at fleire i Nord-Noreg ikkje får kvit jul! Kven er det som har stole snøen?! Det kan sjå ut som at det er trønderane og naboane deira … I delar av både Trøndelag, Helgeland, og dessutan Møre og Romsdal vil nemleg snøen dale ned på sjølvaste julaftan, lyd det frå meteorologane.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS